Tilsetje ein person som allereie bur i Noreg


  • Utanlandske statsborgarar som skal arbeide i Noreg, må vanlegvis ha opphaldsløyve. Utanlandske statsborgarar kan få opphaldsløyve i Noreg på grunnlag av for eksempel arbeidsinnvandring, beskyttelse (asyl) og familieinnvandring.
  • Som arbeidsgivar må du sjekke at utanlandske tilsette har gyldig opphaldsløyve.
  • Du sjekkar om arbeidstakaren har opphaldsløyve, ved å be han eller henne vise fram opphaldskortet sitt. På opphaldskortet står det kva slags opphaldsløyve arbeidstakaren har.
  • Familiemedlemmer av EU/EØS-borgarar kan bruke registreringsordninga for EU/EØS-borgarar. Nokre personar som ikkje sjølv er EU/EØS-borgarar, kan derfor ha opphaldsrett etter EU/EØS-regelverket som gir dei rett til å bu og arbeide i Noreg. Du sjekkar dette ved å be personen vise fram opphaldskortet sitt for å sjå at det står «opphaldsrett» på kortet. Du må òg sjekke at opphaldskortet er gyldig – sjå under "gyldig til"-dato på kortet.