Besøksvisum


Type søknad Gebyr
Besøksvisum for vaksne og barn over 12 år (ein eller fleire innreiser) EUR 80
Besøksvisum for barn mellom 6 og 12 år (ein eller fleire innreiser) EUR 40
Besøksvisum for vaksne og barn over 12 år som er statsborgarar
av Aserbajdsjan (ein eller fleire innreiser) 
EUR 35
Besøksvisum for alle barn under 6 år (ein eller fleire innreiser) 0,-

Kven må ikkje betale gebyr?

  • personar som skal reise saman med eller besøkje ein nær familiemedlem (ektefelle, barn, barnebarn, forelder, besteforelder eller ein familiemedlem som forsørgjer deg) som er ein EU/EØS-borgar 
  • skuleelevar, studentar og medfølgjande lærar når formålet med reisa er studiar eller anna opplæring. NB! Du må likevel betale gebyr når du registrerer søknaden i Søknadsportalen, men du kan be om å få det betala attende når du møter opp på ambassaden.  
  • forskarar som reiser i Schengen-området for å drive vitskapleg forsking. NB! Du må likevel betale gebyr når du registrerer søknaden i Søknadsportalen, men du kan be om å få det betala attende når du møter opp på ambassaden. 

Gebyr viss du leverer søknaden på eit søknadssenter

Viss du leverer søknaden din ved eit søknadssenter som tek imot søknaden på vegner av ambassaden, må du betale eit ekstra servicegebyr. Dette gebyret kjem i tillegg til det vanlege søknadsgebyret.

Viss søknadssenteret skal sende søknaden din til ein ambassade i eit anna land, må du i tillegg betale eit kurer-gebyr. Ta kontakt med søknadssenteret for informasjon om dette gebyret.

Gebyr viss du leverer søknaden på ambassaden til eit anna land enn Noreg

Noreg har inngått avtalar med andre Schengenland (i hovudsak Danmark og Sverige) om at enkelte av utanriksstasjonane deira skal ta imot søknader om visum og opphaldsløyve (som gir rett til å arbeide med mindre noko anna er presisert i vedtaket) til Noreg. I slike tilfelle gjeld gebyrsatsane til det landa som representerer oss.

Dersom du er visumpliktig og har fått opphaldsløyve eller løyve til å søkje om opphaldsløyve etter framkomst til Noreg, må du få utskrive eit innreisevisum i passet ditt. Dette blir gjort som hovudregel av den norske ambassaden i det landa du oppheld deg.

Dersom du oppheld deg i eit land utan norsk ambassade, er det mogleg du må betale for at passet skal sendast til ambassaden, enten direkte av deg sjølv eller via eit konsulat eller ein ekstern tenesteytar. Kontakt den aktuelle ambassaden for informasjon om korleis du skal gå fram.

Søknader om forlengelse av visumet etter at du har kommet til Norge Gebyr
Søknad om å forlenge visumet     30 euro