Kan eg få dekt utgiftene mine?


I nokre tilfelle er det mogleg å få dekt utgifter til advokat eller andre nødvendige utgifter du har hatt, i samband med klaga. 

Dette er berre mogleg viss alle desse fire føresetnadene er til stades:

  • UDI endra vedtaket ditt etter at du klaga
  • utgiftene var nødvendige for å få endra vedtaket
  • grunnen til at UDI endra vedtaket, var ikkje at situasjonen din hadde endra seg etter det første vedtaket, til dømes at du fekk høgare lønn
  • grunnen til at UDI endra vedtaket var at utlendingsstyresmaktene hadde gjort ein feil, til dømes at vi avslo søknaden din fordi vi oversåg at du hadde levert inn ein arbeidskontrakt før vi gjorde vedtaket

Korleis skal du søkje?

Viss du ønskjer å søkje om å få dekt utgiftene dine må du sende eit brev til UDI der du ber om dette seinast tre veker etter at du fekk svar på klaga. Du må leggje ved dokumentasjon på utgiftene du har hatt. Viss du har brukt advokat må du eller advokaten din sende ein «spesifisert salæroppgåve» til UDI, der det står når advokaten arbeidde med saka, kva som vart gjorde og kor lang tid dei enkelte arbeidsoppgåvene tok.

Kor lang tid tek det før du får svar?

Sjå informasjonen vår om ventetider