Arbeidssøkjar som er nyutdanna i Noreg eller forskar


Krav

  • Du må betale eit søknadsgebyr
  • Du må vere arbeidssøkjar og leite etter arbeid som faglært i Noreg. Arbeidet kan ikkje vere som religiøs leiar/lærar.
  • Du må fylle eitt av desse krava.
    • Du må ha opphaldsløyve som student ved høgskole eller universitet, student ved fagskole eller elev ved vidaregåande skole, og søkje om opphaldsløyve som arbeidssøkjar før løyvet ditt går ut. Du bør søkje minst ein månad før løyvet ditt går ut. Du må ha avslutta graden/utdanninga di i Noreg når du skal søkje. Viss du ikkje har fått vitnemål eller karakterutskrift enda, kan du dokumentere at du har avslutta graden ved å få ei stadfesting frå studiestaden din om at du har levert avsluttande oppgåve og har bestått alle andre studiepoeng i graden. Stadfestinga må òg vise datoen for innlevering/avsluttande eksamenar.
    • Du må ha opphaldsløyve for å ta tilleggsutdanning for å få godkjent utdanning i Noreg, og søkje om opphaldsløyve som arbeidssøkjar før løyvet ditt går ut. Du må ha fått godkjent utdanninga di, eller vere i ferd med å få ho godkjent. 
    • Du må ha opphaldsløyve som forskar med eigne midlar, og søkje før dette løyvet går ut.
    • Du må ha opphaldsløyve som faglært arbeidstakar med arbeidsgivar i Noreg for å vere forskar ved universitet, høgskole eller forskingsinstitusjon. Du må søkje før dette løyvet går ut. 
  • Du må ha nok pengar å leve for i den perioden du skal vere i Noreg. Du må ha minst 

    25 839 kroner i måneden

    , altså 

    310 070 kroner i året

    . Dette må vere dine eigne pengar, og må vanlegvis stå på ein norsk bankkonto. Dersom du har fått tilbod om jobb i Noreg medan du leiter etter relevant faglært jobb, kan inntektene frå denne jobben reknast med. 

Krav til utdanninga/kompetansen din

Du må ha ein av desse typane utdanning/kompetanse:

  • Fullført fagutdanning frå vidaregåande skule, minst tre år, for eksempel som snikkar eller helsefagarbeidar. Det må finnast ei tilsvarande fagutdanning i Noreg.
  • Fullført utdanning eller grad frå universitet/høgskule, for eksempel bachelorgrad som ingeniør eller sjukepleiar.
  • Spesielle kvalifikasjonar som er kompetanse du har opparbeidd deg gjennom lang yrkeserfaring, eventuelt i kombinasjon med kurs og noko utdanning. Du må ha like høg kompetanse som ein som har fullført fagutdanning frå vidaregåande skule. Vanlegvis må du ha minst seks års yrkeserfaring. For eksempel, viss du har arbeidserfaring som målar, må du leggje fram detaljerte arbeidsattestar frå tidlegare arbeidsgivarar som viser at du har lært og kan det same, som ein person som har fagutdanning som målar. Det skal svært mykje til å få løyve i slike saker. Mange søknader blir avslått.

Rettar og plikter

  • Du kan ikkje ha ditt eige enkeltpersonsforetak eller vere sjølvstendig næringsdrivande.
  • Mens du leitar etter ein relevant faglært jobb, kan du arbeide på heil- eller deltid, også i ufaglærte jobbar.
  • Du kan få opphaldsløyve for maksimalt eitt år.
  • Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
  • Dersom familiemedlemmene dine allereie har familieinnvandringsløyve og bur med deg i Norge, kan dei søkje om å fornye løyvet sitt. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.