Du kan få opphaldsløyve for maksimalt seks månader av gongen. Dei seks månadene tel du frå dagen du reiste inn i Noreg. Du må bu utanfor Noreg i eitt år før du kan søkje om nytt opphaldsløyve som arbeidssøkjar.
Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.