Skal søkje Faglært
Kva slags type arbeid skal du gjere?
-
Faglært arbeidstakar med arbeidsgivar i Noreg
Slik søkjer duKrav til arbeidstakaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
Krav til utdanninga/kompetansen din
Du må ha éin av desse typane utdanning/kompetanse:
- fullført fagutdanning frå vidaregåande skole, minst tre år, for eksempel som snikkar eller helsefagarbeidar. Det må finnast ei tilsvarande fagutdanning i Noreg.
- fullført utdanning eller grad frå universitet/høgskole, for eksempel bachelorgrad som ingeniør eller sjukepleiar.
- spesielle kvalifikasjonar som du har opparbeidd deg gjennom lang yrkeserfaring, eventuelt i kombinasjon med kurs og noko utdanning. Du må ha like høg kompetanse som ein som har fagutdanning frå vidaregåande skule. Vanlegvis må du ha minst 6 års yrkesrøynsle. For eksempel, viss du har arbeidserfaring som målar, må du leggje fram detaljerte arbeidsattestar frå tidlegare arbeidsgivarar som viser at du har lært og kan det same som ein person som har fagutdanning som målar. Det skal svært mykje til å få løyve i slike saker. Det skal litt mindre til for deg som skal arbeide i IT-bransjen.
På grunn av dokumentsituasjonen i enkelte land der det er avdekt mange falske dokument og dokument med feilaktige opplysningar i søknader som gjeld arbeid på yrkesfagleg nivå, særleg innan restaurantbransjen, bilbransjen og byggjebransjen, kan det vere vanskeleg å få opphaldsløyve for å arbeide som faglært. Dette gjeld for tida særleg for søknader som gjeld arbeid som kokk, bilmekanikar, snekker, målar, murar og frisør, der det er framlagt utdanningsdokument o.l. utskrive i Bangladesh, India, Iran, Kina, Kosovo, Nepal, Pakistan, Tyrkia og Vietnam.
Krav til arbeidsforholdet
- Du må ha eit konkret tilbod om arbeid for éin arbeidsgivar i Noreg.
- Stillinga må vanlegvis vere på heiltid. Dersom stillinga di er på minst 80 prosent, vil vi godkjenne dette.
- Stillinga du har fått tilbod om, må krevje kompetanse som faglært. Du må ha den kompetansen som stillinga krev.
- Lønns- og arbeidsvilkåra må ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg.
Spesielle krav
- Dersom du skal arbeide i eit yrke der det er krav om godkjenning eller autorisasjon (eksternt nettsted), må du oppfylle dette kravet. For eksempel må helsepersonell leggje ved autorisasjon eller lisens frå Helsedirektoratet (eksternt nettsted).
- Dersom du skal arbeide gjennom ei bemanningsbedrift, må du leggje fram ei liste over dei oppdraga bemanningsbedrifta (arbeidsgivaren) har planlagt at du skal utføre. Oppdraga må vere stadfesta av firmaet/firmaa du skal gjere oppdraga for. Du kan bare få opphaldsløyve for perioden då du skal gjere oppdraga på denne lista. Bemanningsbedrifta må vere ført opp i registeret til Arbeidstilsynet (eksternt nettsted).
Rettar og plikter
- Varigheta på opphaldsløyvet du kan få er avhengig av stillinga du har fått tilbod om:
- Dersom stillinga krev fullført fagutdanning frå vidaregåande skule, kan du få opphaldsløyve for inntil eitt år av gongen.
- Dersom stillinga krev fullført utdanning eller grad frå universitet eller høgskule, kan du vanlegvis få opphaldsløyve for inntil tre år av gongen. Dersom vi treng å sjekke oftare at du framleis fyller krava, for eksempel fordi du skal arbeide i ein bemanningsbedrift, vil du berre få opphaldsløyve for inntil eitt år av gongen.
- Etter tre år kan du søkje om permanent opphaldsløyve i Noreg.
- Familien din kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
- Dersom du seinare skal byte arbeidsgivar, men skal jobbe i same type stilling, treng du ikkje søkje om nytt opphaldsløyve. Lønns- og arbeidsvilkåra må ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg, og du må framleis fylle dei krava som gjeld for opphaldsløyve som faglærd arbeidstakar med arbeidsgivar i Noreg.
- Dersom du seinare skal begynne i ein ny type stilling, må du søkje om nytt opphaldsløyve, uansett om det er hos same arbeidsgivar eller hos ein ny arbeidsgivar. Du kan ikkje starte i ny type stilling før du har fått nytt opphaldsløyve.
- Dersom du mister jobben din må du melde frå til politiet der du bur innan sju dagar. Du kan då opphalde deg i Noreg for å søkje etter ny jobb i inntil seks månader. Opphaldsløyvet ditt må framleis vere gyldig i heile denne perioden.
- Dersom du får ein ny jobb, men skal jobbe i same type stilling som før, treng du ikkje søkje om nytt opphaldsløyve, men du må melde frå til politiet der du bur innan sju dagar etter at du begynner i den nye jobben.
- Dersom du får ein ny jobb der du skal ha ein annan type stilling enn før, må du søkje om nytt opphaldsløyve. Du kan ikkje starte i ein annan type stilling før du har fått nytt opphaldsløyve.
- Du har ikkje lov til å drive fjernarbeid, med mindre det er ein del av jobben du har fått opphaldsløyve for å gjere.
Ventetider
På grunn av at vi har mottatt eit stort antall søknader, samt at det er utfordringar med kontroll av utdanningsdokument i søknader som gjeld arbeid på yrkesfagleg nivå, kan det ta lenger tid å behandle slike søknader. Dette omfattar for eksempel søknader som gjeld arbeid som kokk, bilmekanikar, snekker, målar, murar og frisør.
Her kan du lese informasjon om ventetider.
-
Tilsett i internasjonalt selskap som skal på oppdrag til den norske delen av selskapet
Du skal søkje om denne typen løyve dersom du er tilsett i eit internasjonalt selskap i utlandet og skal utføre eit oppdrag for den norske delen av det internasjonale selskapet.
Slik søkjer duKrav til arbeidstakaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
Krav til utdanninga/kompetansen din
Du må ha éin av desse typane utdanning/kompetanse:
- fullført fagutdanning frå vidaregåande skole, minst tre år, for eksempel som snikkar eller helsefagarbeidar. Det må finnast ei tilsvarande fagutdanning i Noreg.
- fullført utdanning eller grad frå universitet/høgskole, for eksempel bachelorgrad som ingeniør eller sjukepleiar.
- spesielle kvalifikasjonar som du har opparbeidd deg gjennom lang yrkeserfaring, eventuelt i kombinasjon med kurs og noko utdanning. Du må ha like høg kompetanse som ein som har fagutdanning frå vidaregåande skule. Vanlegvis må du ha minst 6 års yrkesrøynsle. For eksempel, viss du har arbeidserfaring som målar, må du leggje fram detaljerte arbeidsattestar frå tidlegare arbeidsgivarar som viser at du har lært og kan det same som ein person som har fagutdanning som målar. Det skal svært mykje til å få løyve i slike saker. Det skal litt mindre til for deg som skal arbeide i IT-bransjen.
På grunn av dokumentsituasjonen i enkelte land der det er avdekt mange falske dokument og dokument med feilaktige opplysningar i søknader som gjeld arbeid på yrkesfagleg nivå, særleg innan restaurantbransjen, bilbransjen og byggjebransjen, kan det vere vanskeleg å få opphaldsløyve for å arbeide som faglært. Dette gjeld for tida særleg for søknader som gjeld arbeid som kokk, bilmekanikar, snekker, målar, murar og frisør, der det er framlagt utdanningsdokument o.l. utskrive i Bangladesh, India, Iran, Kina, Kosovo, Nepal, Pakistan, Tyrkia og Vietnam.
Krav til arbeidsforholdet
- Du må vere tilsett i eit firma i utlandet som har kontrakt med eit firma i Noreg om å gjere eit oppdrag i Noreg.
- Firmaet i Noreg må ha forretningsstad her.
- Firmaet i Noreg kan ikkje vere ei bemanningsbedrift.
- Som hovudregel skal tilbodet om oppdrag vere for eitt firma i Noreg.
- Lønns- og arbeidsvilkåra må ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg..
Rettar og plikter
- Dersom du skal utføre andre oppdrag enn det som er omtalt i kontrakten, eller byte firma, må du søkje om nytt opphaldsløyve.
- Du har ikkje lov til å drive fjernarbeid, med mindre det er ein del av jobben du har fått opphaldsløyve for å gjere.
- Du kan få løyve for to år om gongen. Du kan få dette løyvet i inntil seks år, så må du bu utanfor Noreg i to år før du kan søkje om eit nytt slikt løyve.
- Du treng ikkje å opphalde deg og arbeide i Noreg i heile perioden du søkjer om opphaldsløyve for.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Dersom oppdraget ditt varer meir enn seks månader, eller dersom du er tilsett i eit internasjonalt selskap (og skal på oppdrag til den norske delen av selskapet), kan ektemaken eller sambuaren din og barna dine søkje om opphaldsløyve i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
-
Tilsett i selskap i utlandet som skal ha eit oppdrag i Noreg
Du skal søkje om denne typen løyve dersom du er tilsett i eit selskap i utlandet som har kontrakt med selskap i Noreg om å gjere eit oppdrag i Noreg.
Slik søkjer duKrav til arbeidstakaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
Krav til utdanninga/kompetansen din
Du må ha éin av desse typane utdanning/kompetanse:
- fullført fagutdanning frå vidaregåande skole, minst tre år, for eksempel som snikkar eller helsefagarbeidar. Det må finnast ei tilsvarande fagutdanning i Noreg.
- fullført utdanning eller grad frå universitet/høgskole, for eksempel bachelorgrad som ingeniør eller sjukepleiar.
- spesielle kvalifikasjonar som du har opparbeidd deg gjennom lang yrkeserfaring, eventuelt i kombinasjon med kurs og noko utdanning. Du må ha like høg kompetanse som ein som har fagutdanning frå vidaregåande skule. Vanlegvis må du ha minst 6 års yrkesrøynsle. For eksempel, viss du har arbeidserfaring som målar, må du leggje fram detaljerte arbeidsattestar frå tidlegare arbeidsgivarar som viser at du har lært og kan det same som ein person som har fagutdanning som målar. Det skal svært mykje til å få løyve i slike saker. Det skal litt mindre til for deg som skal arbeide i IT-bransjen.
På grunn av dokumentsituasjonen i enkelte land der det er avdekt mange falske dokument og dokument med feilaktige opplysningar i søknader som gjeld arbeid på yrkesfagleg nivå, særleg innan restaurantbransjen, bilbransjen og byggjebransjen, kan det vere vanskeleg å få opphaldsløyve for å arbeide som faglært. Dette gjeld for tida særleg for søknader som gjeld arbeid som kokk, bilmekanikar, snekker, målar, murar og frisør, der det er framlagt utdanningsdokument o.l. utskrive i Bangladesh, India, Iran, Kina, Kosovo, Nepal, Pakistan, Tyrkia og Vietnam.
Krav til arbeidsforholdet
- Du må vere tilsett i eit firma i utlandet som har kontrakt med eit firma i Noreg om å utføre eit oppdrag i Noreg.
- Firmaet i Noreg må ha forretningsstad her
- Firmaet i Noreg kan ikkje vere ei bemanningsbedrift.
- Som hovudregel skal tilbodet om oppdrag vere for eitt firma i Noreg.
- Lønns- og arbeidsvilkåra må ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg.
Rettar og plikter
- Dersom du skal utføre andre oppdrag enn det som er omtalt i kontrakten, eller byte firma, må du søkje om eit nytt opphaldsløyve.
- Du har ikkje lov til å drive fjernarbeid, med mindre det er ein del av jobben du har fått opphaldsløyve for å gjere.
- Du kan få løyve for to år om gongen. Du kan få dette løyvet i inntil seks år, så må du bu utanfor Noreg i to år før du kan søkje om eit nytt slikt løyve.
- Du treng ikkje å opphalde deg og arbeide i Noreg i heile perioden du søkjer om opphaldsløyve for.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Dersom oppdraget ditt varer lenger enn seks månader, eller dersom du er tilsett i eit internasjonalt selskap (og skal på oppdrag til den norske delen av selskapet), kan ektemaken eller sambuaren din og barna dine søkje om familieinnvandring. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
-
Offshore-arbeidar
NB! Nokre personar treng ikkje opphaldsløyve for å jobbe offshore
Dette gjeld deg dersom du fyller desse krava
- Du skal arbeide på ei norsk eller utanlandsk flyttbar innretning på den norske kontinentalsokkelen.
- Innretninga kan ikkje vere i ein fast produksjonsfase eller knytt til ei fast plattform.
- Arbeidsgivaren din må melde frå til politiet før du reiser inn i Noreg, og du må melde deg hos politiet seinast éi veke etter at du har reist inn i Schengenområdet, før du begynner å jobbe.
- Reiser du ut av Noreg, kan du berre reise inn igjen dersom den samla opphaldstida di i Schengenlanda ikkje overstig 90 dagar i løpet av ein periode på seks månader.
Offshorearbeidarar kan søkje om desse typane opphaldsløyve:
-
Idrettsutøvar eller trenar
Krav til arbeidstakaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
Krav til kompetansen din
- Du må enten vere idrettsutøvar som sjølv skal delta i idrett på høgt nivå, eller trenar for idrettsutøvarar på høgt nivå.
- Du må ha ein attest frå særforbundet ditt av Norges idrettsforbund (for eksempel Norges fotballforbund, NFF) på at du har den kompetansen du treng, og på kva nivå du skal delta på.
Krav til arbeidsforholdet
- Du må ha eit konkret tilbod frå éin arbeidsgivar i Noreg.
- Idretten må vere på høgt nivå, som for eksempel dei to øvste divisjonane i dame- og herrefotball og den øvste divisjonen i basketball. Vi vurderer i kvart tilfelle om idretten er på høgt nok nivå.
- Stillinga må vanlegvis vere på heiltid.
- Lønns- og arbeidsvilkåra dine må ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg. Du kan altså ikkje få dårlegare lønn enn det norske utøvarar eller trenarar får i idrettsklubben din. Lønna må uansett vere på minst
310 070 kroner i året før skatt
.
Rettar og plikter
- Du kan få opphaldsløyve for eitt år om gongen.
- Etter tre år kan du søkje om permanent opphaldsløyve i Noreg.
- Familien din kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
- Du kan byte arbeidsgivar utan å søkje om nytt opphaldsløyve. Men du må gjere same type arbeid.
- Dersom du skal utføre ein ny type arbeid, må du levere ein ny søknad om opphaldsløyve. Du kan ikkje starte med ein ny type arbeid før du har fått nytt opphaldsløyve.
-
Religiøs leiar/lærar
- Du må i utgangspunktet ha fullført mastergrad frå universitet/høgskole innan religionen din eller i pedagogikk.
- Dersom du ikkje har ei utdanning som fyller krava, kan vi gjere unntak i spesielle tilfelle.
Krav til arbeidsforholdet
- Du må ha eit konkret tilbod om heiltidsarbeid for éin arbeidsgivar i Noreg.
- Lønns- og arbeidsvilkåra kan ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg. Dersom det av religiøse grunnar er vanleg at du ikkje får så mykje lønn, kan vi godta at lønna di er på minst
310 070 kroner i året før skatt
. Dersom du av religiøse grunnar ikkje kan ta imot pengar i det heile, kan UDI godta at arbeidsgivaren din i staden garanterer for at du vil få kost, losji og det du elles treng.
Rettar og plikter
- Du kan få opphaldsløyve for eitt år om gongen.
- Etter tre år kan du søkje om permanent opphaldsløyve i Noreg.
- Familien din kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
- Du må søkje om nytt opphaldsløyve dersom du skal byte stilling eller arbeidsgivar. Du kan ikkje starte med ein ny type arbeid før du har fått nytt opphaldsløyve.
-
Sjølvstendig næringsdrivande med firma i Noreg
Slik søkjer duKrav til arbeidstakaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
Krav til utdanninga/kompetansen din
Du må ha ein av desse typane utdanning/kompetanse:
- Fullført fagutdanning frå vidaregåande skule, minst tre år, for eksempel som snikkar eller helsefagarbeidar. Det må finnast ei tilsvarande fagutdanning i Noreg.
- Fullført utdanning eller grad frå universitet/høgskule, for eksempel bachelorgrad som ingeniør eller sjukepleiar.
- Spesielle kvalifikasjonar som er kompetanse du har opparbeidd deg gjennom lang yrkeserfaring, eventuelt i kombinasjon med kurs og noko utdanning. Du må ha like høg kompetanse som ein som har fullført fagutdanning frå vidaregåande skule. Vanlegvis må du ha minst seks års yrkeserfaring. For eksempel, viss du har arbeidserfaring som målar, må du leggje fram detaljerte arbeidsattestar frå tidlegare arbeidsgivarar som viser at du har lært og kan det same, som ein person som har fagutdanning som målar. Det skal svært mykje til å få løyve i slike saker. Mange søknader blir avslått.
Krav til arbeidet
- Du kan få opphaldsløyve dersom det er nødvendig for etablering og vidare drift av verksemda at du bur i Noreg og deltar aktivt i drifta.
- Verksemda må som regel vere ditt eige enkeltpersonføretak. Verksemda kan ikkje vere eit aksjeselskap. Du kan berre jobbe i denne verksemda. Du kan ikkje ta deg anna arbeid, heller ikkje drive fjernarbeid.
- Det arbeidet du skal utføre i verksemda, må krevje at du har kompetanse som faglært.
- Det må vere sannsynleg at verksemda vil gi deg eit overskot (næringsinntekt) på minst
310 070 kroner i året før skatt
. - Dersom den typen verksemd du skal drive, krev løyve frå offentlege myndigheiter, må du ha eit slikt løyve eller ei stadfesting frå denne myndigheita om at du vil få det.
Rettar og plikter
- Du kan få løyve for eitt år om gongen.
- Etter tre år kan du søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familiemedlemmene dine kan søkje om familieinnvandring for å bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
-
Sjølvstendig næringsdrivande med firma i utlandet
Slik søkjer duKrav til arbeidstakaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
Krav til utdanninga/kompetansen din
Du må ha ein av desse typane utdanning/kompetanse:
- Fullført fagutdanning frå vidaregåande skule, minst tre år, for eksempel som snikkar eller helsefagarbeidar. Det må finnast ei tilsvarande fagutdanning i Noreg.
- Fullført utdanning eller grad frå universitet/høgskule, for eksempel bachelorgrad som ingeniør eller sjukepleiar.
- Spesielle kvalifikasjonar som er kompetanse du har opparbeidd deg gjennom lang yrkeserfaring, eventuelt i kombinasjon med kurs og noko utdanning. Du må ha like høg kompetanse som ein som har fullført fagutdanning frå vidaregåande skule. Vanlegvis må du ha minst seks års yrkeserfaring. For eksempel, viss du har arbeidserfaring som målar, må du leggje fram detaljerte arbeidsattestar frå tidlegare arbeidsgivarar som viser at du har lært og kan det same, som ein person som har fagutdanning som målar. Det skal svært mykje til å få løyve i slike saker. Mange søknader blir avslått.
Krav til arbeidet
- Du må vere etablert som sjølvstendig næringsdrivande i utlandet.
- Verksemda må som regel vere ditt eige enkeltpersonføretak. Verksemda kan ikkje vere eit aksjeselskap.
- Du må ha inngått ein kontrakt om å utføre eit oppdrag for eit firma i Noreg.
- Firmaet i Noreg må ha forretningsstad her.
- Som hovudregel skal tilbodet om oppdrag vere for eitt firma i Noreg.
- Honoraret ditt kan ikkje vere dårlegare enn det som er normalt i Noreg.
- Kompetansen din som faglært må vere relevant for å kunne gjennomføre oppdraget.
- Dersom du skal utføre eit oppdrag innan eit yrke der det er krav om godkjenning eller autorisasjon (eksternt nettsted), må du oppfylle dette kravet.
Rettar og plikter
- Dersom du skal utføre andre oppdrag enn det som er omtalt i kontrakten, eller inngå kontrakt med eit nytt firma, må du søkje om eit nytt opphaldsløyve.
- Du har ikkje lov til å drive fjernarbeid, med mindre det er ein del av jobben du har fått opphaldsløyve for å gjere.
- Du kan få løyve for to år om gongen. Du kan få dette løyvet i inntil seks år, så må du bu utanfor Noreg i to år før du kan søkje om eit nytt slikt løyve.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Dersom oppdraget ditt varer lenger enn seks månader, kan ektemaken eller sambuaren din og barna dine søkje om familieinnvandring for å bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.