Tilsett i internasjonalt selskap som skal på oppdrag til den norske delen av selskapet


Du skal søkje om denne typen løyve dersom du er tilsett i eit internasjonalt selskap i utlandet og skal utføre eit oppdrag for den norske delen av det internasjonale selskapet.

Krav til arbeidstakaren

Krav til utdanninga/kompetansen din

Du må ha éin av desse typane utdanning/kompetanse:

  • fullført fagutdanning frå vidaregåande skole, minst tre år, for eksempel som snikkar eller helsefagarbeidar. Det må finnast ei tilsvarande fagutdanning i Noreg.
  • fullført utdanning eller grad frå universitet/høgskole, for eksempel bachelorgrad som ingeniør eller sjukepleiar.
  • spesielle kvalifikasjonar som du har opparbeidd deg gjennom lang yrkeserfaring, eventuelt i kombinasjon med kurs og noko utdanning. Du må ha like høg kompetanse som ein som har fagutdanning frå vidaregåande skule. Vanlegvis må du ha minst 6 års yrkesrøynsle. For eksempel, viss du har arbeidserfaring som målar, må du leggje fram detaljerte arbeidsattestar frå tidlegare arbeidsgivarar som viser at du har lært og kan det same som ein person som har fagutdanning som målar. Det skal svært mykje til å få løyve i slike saker. Det skal litt mindre til for deg som skal arbeide i IT-bransjen. 

Krav til arbeidsforholdet

Rettar og plikter

  • Dersom du skal utføre andre oppdrag enn det som er omtalt i kontrakten, eller byte firma, må du søkje om nytt opphaldsløyve.
  • Du har ikkje lov til å drive fjernarbeid, med mindre det er ein del av jobben du har fått opphaldsløyve for å gjere.
  • Du kan få løyve for to år om gongen. Du kan få dette løyvet i inntil seks år, så må du bu utanfor Noreg i to år før du kan søkje om eit nytt slikt løyve. 
  • Du treng ikkje å opphalde deg og arbeide i Noreg i heile perioden du søkjer om opphaldsløyve for.
  • Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
  • Dersom oppdraget ditt varer meir enn seks månader, eller dersom du er tilsett i eit internasjonalt selskap (og skal på oppdrag til den norske delen av selskapet), kan ektemaken eller sambuaren din og barna dine søkje om opphaldsløyve i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.