Du skal søkje om denne typen løyve dersom du er tilsett i eit selskap i utlandet som har kontrakt med selskap i Noreg om å gjere eit oppdrag i Noreg.
Du må ha éin av desse typane utdanning/kompetanse:
På grunn av dokumentsituasjonen i enkelte land der det er avdekt mange falske dokument og dokument med feilaktige opplysningar i søknader som gjeld arbeid på yrkesfagleg nivå, særleg innan restaurantbransjen, bilbransjen og byggjebransjen, kan det vere vanskeleg å få opphaldsløyve for å arbeide som faglært. Dette gjeld for tida særleg for søknader som gjeld arbeid som kokk, bilmekanikar, snekker, målar, murar og frisør, der det er framlagt utdanningsdokument o.l. utskrive i Bangladesh, India, Iran, Kina, Kosovo, Nepal, Pakistan, Tyrkia og Vietnam.