Det er spesielle reglar for russiske borgarar frå Barentsregionen som ønskjer å arbeide i Nord-Noreg (Nordland, Troms og Finnmark).
Søkeren er personen som ønsker å besøke eller bo i Norge.
Hvem er du?
-
Russisk ufaglært arbeidar
Krav til arbeidstakaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må vere russisk borgar og ha vore busett i Barentsregionen i minst eitt år. Det vil seie Murmansk oblast, republikken Karelen, Arkhangelsk oblast eller Nenetsia autonome okrug.
Krav til arbeidsforhold
- Du må ha eit konkret tilbod om arbeid i Nord-Noreg (Nordland, Troms og Finnmark).
- Du må vanlegvis arbeide heiltid for éin arbeidsgivar.
- Dersom du skal søkje sjølv frå utlandet, må arbeidsgivaren din sende inn stadfesting av arbeidstilbodet før du kan sende inn søknadsskjemaet. Du vil få ein kode frå arbeidsgivaren som du skal leggje inn i søknadsskjemaet.
- Lønns- og arbeidsvilkåra kan ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg.
- Arbeidsgivaren må få ei stadfesting frå Nav om at det ikkje er mogleg å finne nok arbeidarar frå Noreg eller EØS til å gjere jobben.
- Arbeidet du skal utføre, kan ikkje krevje faglært kompetanse.
Rettar og plikter
- Du må søkje om nytt løyve dersom du skal byte stilling eller arbeidsgivar.
- Du kan få løyve for eitt år om gongen. Løyvet kan fornyast for eitt år til, men etter det må du ha budd utanfor Noreg i eitt år før du kan søkje om nytt løyve.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.
-
Russisk grensependlar
Krav til arbeidstakar
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må vere russisk borgar.
- Du må ha vore bosett i Barentsregionen i minst eitt år og halde fram med å bo der. Barentsregionen vil seie Murmansk oblast, republikken Karelen, Arkhangelsk oblast eller Nenetsia autonome okrug.
Krav til arbeidsforhold
- Du må ha eit konkret tilbod om deltidsarbeid (maks 80 prosent stilling) i Nord-Noreg (Nordland, Troms og Finnmark).
- Du må vanlegvis arbeide for éin arbeidsgivar.
- Dersom du skal søkje sjølv frå utlandet, må arbeidsgivaren din sende inn stadfesting av arbeidstilbodet før du kan sende inn søknadsskjemaet. Du vil få ein kode frå arbeidsgivaren som du skal leggje inn i søknadsskjemaet.
- Arbeidsgivaren må få ein stadfesting frå NAV på at det ikkje er mogleg å finne nok arbeidarar frå Noreg eller EØS til å gjere jobben.
- Lønns- og arbeidsvilkåra kan ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg.
Rettar og plikter
- Du må søkje om nytt løyve hvis du skal byte stilling eller arbeidsgivar.
- Du kan få løyve for eitt år av gangen.
- Tiden du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med viss du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bo med deg i Noreg.
-
Russisk torghandlar
Torghandel éin dag per månad
Du treng ikkje opphaldsløyve for å selje russiske produkt ved torghandel éin dag per månad.
Krav
- Du må vere russisk statsborgar som bur i Barentsregionen. Barentsregionen vil seie Murmansk oblast, republikken Karelen, Arkhangelsk oblast eller Nenetsia autonome okrug.
- Torghandelen må gå føre seg i Nord-Noreg (Nordland, Troms og Finnmark).
- Du må ha kommunalt salsløyve.
- Du må melde frå til politiet.
Torghandel under kommunale kulturarrangement
Du treng ikkje løyve for å selje russiske produkt ved torghandel under kommunale kulturarrangement. Du kan berre drive med torghandel i maksimalt 14 dagar om gongen, og maksimalt 28 dagar per kalenderår.
Krav
- Du må vere russisk statsborgar som bur i Barentsregionen, det vil seie i Murmansk oblast, republikken Karelen, Arkhangelsk oblast eller Nenetsia autonome okrug.
- Torghandelen må gå føre seg i Nord-Noreg (Nordland, Troms og Finnmark).
- Du må ha samtykke frå kommunen.
- Du må melde frå til politiet.