Krav til sesongarbeidaren:
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må ha fylt 18 år.
- Forholda i heimlandet ditt må vere slik at det er sannsynleg at du kan reise tilbake dit når du er ferdig med å arbeide i Noreg.
Krav til arbeidstilbodet:
Krav til arbeidsgivaren:
- Arbeidsgivaren må få ei stadfesting frå Nav om at det ikkje er mogleg å finne nok arbeidarar frå Noreg eller EØS til å gjere jobben.
- Dersom arbeidet er innan jordbruks- og skogbruksnæringa, er det ikkje nødvendig med stadfesting frå Nav.
Krav til opphald utanfor Noreg mellom sesongarbeidarløyver (karantenetid):
- Dersom du har hatt løyve som sesongarbeidar i seks månader, må du opphalde deg i seks månader utanfor Noreg før du kan få nytt sesongarbeidarløyve. Du kan ikkje vere i Noreg i meir enn seks månader i løpet av ein periode på 12 månader.
Eksempel:
-
- Dersom du har hatt eit sesongarbeidarløyve i tre månader, kan du få eit nytt løyve for tre månader med ein gong.
- Dersom du har hatt eit sesongarbeidarløyve i to månader, kan du få eit nytt løyve for fire månader.
Rettar og plikter:
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familien din har ikkje rett på opphaldsløyve for å bu saman med deg i Noreg.