Utanlandsk skip som går mellom norske hamner
Dersom du skal jobbe på eit utanlandskregistrert skip som fraktar gods eller passasjerar mellom norske hamner i ein samanhengande periode på minst tre månader, må du søkje om opphaldsløyve. Perioden på tre månader blir rekna som samanhengande sjølv om skipet har vore på to korte reiser eller oppdrag til andre land i opptil ti dagar til saman.
Krav til arbeidstakaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
Krav til arbeidsforholdet
- Du må ha eit konkret tilbod om heiltidsarbeid på eit utanlandskregistrert skip som fraktar gods eller passasjerar mellom norske hamner.
- Dersom du skal søkje sjølv frå utlandet, må arbeidsgivaren din sende inn stadfesting av arbeidstilbodet før du kan sende inn søknadsskjemaet. Du vil få ein kode frå arbeidsgivaren som du skal leggje inn i søknadsskjemaet. Dersom du har fleire arbeidsgivarar, må berre ein av dei sende inn eit stadfestingsskjema.
- Lønns- og arbeidsvilkåra må ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg.
Rettar og plikter
- Dersom du skal byte skip, må du søkje om nytt opphaldsløyve.
- Du kan få løyve for eitt år om gongen.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.