Dersom du skal jobbe på eit utanlandskregistrert skip som fraktar gods eller passasjerar mellom norske hamner i ein samanhengande periode på minst tre månader, må du søkje om opphaldsløyve. Perioden på tre månader blir rekna som samanhengande sjølv om skipet har vore på to korte reiser eller oppdrag til andre land i opptil ti dagar til saman.
Du må ha eit konkret tilbod om heiltidsarbeid på eit utanlandskregistrert skip som fraktar gods eller passasjerar mellom norske hamner.
Dersom du skal søkje sjølv frå utlandet, må arbeidsgivaren din sende inn stadfesting av arbeidstilbodet før du kan sende inn søknadsskjemaet. Du vil få ein kode frå arbeidsgivaren som du skal leggje inn i søknadsskjemaet. Dersom du har fleire arbeidsgivarar, må berre ein av dei sende inn eit stadfestingsskjema.