Krav til deg som skal vere au pair


Kva er ein au pair?

  • Som au pair kan du auke språkkunnskapane dine og få betre kjennskap til det norske samfunnet ved å bu hos ein norsk familie. Til gjengjeld bidreg du med lettare husarbeid og/eller barnepass for vertsfamilien.
  • Au pairen er som ein familiemedlem (bur og et saman med familien og deltek i aktivitetar saman med dei)
  • Ein au pair gjer vanlegvis lettare arbeidsoppgåver som husarbeid, barnepass og pass av kjæledyr (hund, katt osb.) 
  • Ein au pair går vanlegvis på norskkurs
  • Ein au pair er ein arbeidstakar og må betale skatt. Lommepengar og fritt kost og losji blir skatta som lønn. Ta kontakt med Skatteetaten for å få skattekort. (eksternt nettsted)
  • Ein au pair har krav på ferie (eksternt nettsted) 

Krav til å registrere seg som ein arbeidstakar som er au pair

  • Du har ein vertsfamilie.
  • Du og vertsfamilien må ha underteikna ein arbeidsavtale. De har tre alternativ:
    • UDI sitt tilsetjingsbevis for EØS-borgarar (pdf, 1,0 MB). Dette er den enklaste løysinga.
    • Ein arbeidskontrakt som er i tråd med føresegnene i arbeidsmiljølova (eksternt nettsted). Her må det mellom anna stå tydeleg kor mykje de har avtalt at duskal få i lønn per time eller per månad og kor mange timar du skal jobbe kvar veke. De bør også skrive kva arbeidsoppgåver du skal ha.
    • UDI sin kontrakt om kulturutveksling mellom au pair og vertsfamilie (pdf, 782 kB). Denne kontrakten skal brukast av au pairar som kjem frå land utanfor EU/EØS-land. Viss du og vertsfamilien ønskjer å bruke denne kontrakten kan de endre på han, men endringar må ikkje vere i strid med det som står i arbeidsmiljølova (eksternt nettsted). Det må stå tydeleg kor mykje du skal få i lønn per time eller per månad og kor mange timar du skal jobbe kvar veke. Som EU/EØS-borgar kan du arbeide meir enn det som står i denne kontrakten, viss du også får meir lønn. 

 Rettar og plikter

  • Du kan fritt byte vertsfamilie eller jobb og du kan ha ein eller fleire arbeidsgivarar.
  • Etter fem år i Noreg kan du få varig opphaldsrett. 

Slik fungerer registreringsordninga

  • Viss du skal vere au pair i Noreg i meir enn tre månader, er du arbeidstakar og må derfor registrere deg gjennom registreringsordninga for EU/EØS-borgarar.
  • Du kan flytte til Noreg og byrje å vere au pair med ein gong, men må registrere deg seinast tre månader etter at du kom til Noreg.
  • Du skal berre registrere deg éin gong, same kor lenge du skal bu i Noreg. Du kan også byte frå til dømes å jobbe som au pair til anna arbeid utan å måtte registrere deg på nytt.
  • Heile tida mens du bur i Noreg må du tilhøyre ein av kategoriane som er beskrivne på sidan om registreringsordninga for EU/EØS-borgarar, for eksempel arbeidstakar eller student.
  • Viss du fyller krava til å registrere deg får du et registreringsbevis av politiet.
  • Det er gratis å registrere seg.