-
Kva inneber brexit?
Storbritannia forlét EU 31. januar 2020. Britiske statsborgarar er ikkje lenger EU- eller EØS-borgarar.
Ved utmeldinga vart det avtalt å ha ein overgangsperiode, der Storbritannia blir behandla som medlemmer av EU fram til 31. desember 2020, med moglegheit for forlenging. Det vart utarbeidd ein tilsvarande avtale mellom Storbritannia og EØS-landa og Sveits, som sørgt for at overgangsordninga også gjeld Noreg.
Britiske borgarar og familiemedlemmene deira som hadde opphaldsrett før overgangsperioden gjekk ut har framleis rett til opphald og arbeid i Noreg. Dei har hatt høve til å søkje om eit Brexit-løyve. Søknadsfristen var 31.desember 2021.
Frå 1. januar 2022 må alle britiske borger og familiemedlemmene deira som ønskjer å busetje seg i Norge søkje om løyve gjennom ordinært regelverk.
-
Eg er britisk borgar og ønskjer å besøkje Noreg. Må eg søkje om besøksvisum for å reise til Noreg no?
Nei. Britiske borgarar kan reise inn og opphalde seg i Noreg og resten av Schengenområdet utan visum. Du kan opphalde deg på Schengenområdet i inntil 90 dagar i løpet av alle periodar på 180 dagar. Viss du treng å opphalde deg lengre enn 90 dagar, må du søkje om eit opphaldsløyve.
Dersom du er ein britisk borgar som er busett i eit EU/EØS-land og har opphaldskort frå dette landet, kan du vere i Noreg i inntil 90 dagar på besøk før du må reise tilbake til landet du bur i.
-
Eg har et familiemedlem frå eit visumpliktig land som har opphaldsløyve i Storbritannia basert på EU Settlement Scheme. Treng familiemedlemmet mitt visum for å besøkje Noreg?
Ja, familiemedlemmet ditt treng visum for å besøkje Noreg. Opphaldsløyve i Storbritannia basert på EU Settlement Scheme gir ikkje visumfridom til Schengenområdet, inkludert Noreg.
-
Må eg møte opp hos politiet når eg skal søkje?
Nei. Søkjer du opphaldsløyve etter brexit-regelverket skal du ikkje møte opp hos politiet når du søkjer. Du fyller ut søknad på nett, og får ein e-post frå politiet med beskjed om å laste opp dokument. Saka di blir då behandla av politiet eller send til UDI.
Når søknaden din er innvilga, vil du få ein automatisk beskjed om å bestille time hos politiet for å gi fingeravtrykk og bli teke bilde av, slik at det kan bli utferda opphaldskort. Du bestiller time på Min Side.
-
Eg har allereie gitt fingeravtrykk og teke bilde. Må eg gjere det igjen?
Ja, dersom du gav fingeravtrykk og tok bilde i samband med ditt førre løyve, må du likevel gjere det igjen no.
Viss du først bestilte time og møtte opp hos politiet for å fremje den noverande søknaden din om opphaldsløyve etter brexit-regelverket (følgde ikkje normal søkjeprosedyre) – og gav fingeravtrykk og tok bilde då – treng du ikkje gjere det igjen. Merk at det går ut automatisk e-post om å bestille time ved innvilging av søknad. Denne kan du då sjå bort frå.
-
Opphaldsløyvet mitt går ut. Kan eg halde fram med å jobbe mens eg ventar på svar på ny søknad?
Ja. Du kan halde fram med å bu og jobbe i Noreg, sjølv om opphaldsløyvet ditt har gått ut. Søkjer du opphaldsløyve etter brexit-regelverket, kan du halde fram med å jobbe i Noreg sjølv om du har søkt etter éin månad før utløp av førre løyve.
-
Opphaldsløyvet mitt har gått ut. Kan eg reise ut av Noreg og komme tilbake igjen?
UDI kan ikkje garantere for innreise etter at opphaldsløyvet ditt har gått ut. Her finn du informasjon om å reise utan gyldig opphaldskort.
Merk at dette gjeld sjølv om du er visumfri. Her finn du meir informasjon om å besøkje Noreg utan visum.
-
Eg har gløymt å fornye løyvet mitt. Kva må eg gjere?
Dersom du har hatt eit brexit-løyve som har gått ut, har du framleis rett til å bu og jobbe i Noreg så lenge vilkåra for vidare opphald er oppfylte. Det vil seie at du må vere arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, student eller ha midlar til å forsørgje deg sjølv – eller vere familiemedlemmen til ein slik person.
Dersom du ønskjer å reise eller ha annan dokumentasjon på at du har lovleg opphald i Noreg, må du søkje om eit nytt løyve slik at du får eit gyldig opphaldskort.
Du kan ikkje få opphaldskort utan gyldig opphaldsløyve.
-
Eg har vore ute av Noreg i meir enn seks månader i løpet av eitt år. Eg må søkje nytt løyve. Kva skal eg søkje på?
Vi tilrår at du søkjer om permanent opphaldsløyves, slik at vi kan vi gjennomføre ei vurdering av om opphaldet utanfor Noreg fell inn under unntaka.
Vi godtek lengre utanlandsopphald enn seks månader, dersom dei er på mindre enn 12 samanhengande månader og kjem av anten
- graviditet eller barnefødsel
- alvorleg sjukdom
- forskingsopphald, studiar eller yrkesretta opplæring
- utstasjonering eller
- militær eller sivil verneplikt (her kan vi godta lengre opphald enn 12 månader)
Har du vore ute av Noreg i meir enn seks månader i løpet av eitt år, og opphaldet ditt ikkje fell inn under nokon av unntaka som er lista opp, har du ikkje lenger opphald etter brexit-regelverket. Dersom du ønskjer å halde fram med å bu i Noreg, må du søkje om eit anna løyve.
-
Eg trur ikkje eg fyller vilkåra for permanent opphaldsløyve. Skal eg søkje nytt mellombels løyve?
Dersom du er usikker på om du fyller vilkåra for permanent opphaldsløyve, tilrår vi at du søkjer om det likevel slik at UDI kan vurdere om vilkåra er oppfylte. Viss vilkåra for permanent opphaldsløyve ikkje er oppfylte – men du fyller vilkåra for nytt mellombels løyve – vil vi innvilge eit nytt mellombels løyve.
-
Eg har ikkje gjennomført opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Kan eg søkje permanent opphaldsløyve?
Ja. Det er ikkje krav om at du har gjennomført opplæring eller bestått prøver i norsk og samfunnsfag for å søkje permanent opphaldsløyve etter brexit-regelverket.
-
Eg har hatt opphald ved å rå over tilstrekkelege midlar. Korleis skal eg dokumentere dette når eg søkjer?
Du må leggje fram dokumentasjon som viser at du har hatt nok pengar til å leve og bu i Noreg dei siste fem åra. Du kan ikkje ha fått økonomisk sosialhjelp eller stønad frå norske styresmakter. Du kan dokumentere at du har hatt nok pengar ved å laste opp
- kontoutskrift/stadfesting/årsoppgåve frå bank som viser at du har hatt nok pengar på kontoen din, eller
- kontoutskrift som viser at du fast har fått pengar inn på konto, i tillegg til dokumentasjon på kvar dette kjem frå, eller
- dokumentasjon på at du har fått utbetalt pensjon frå heimlandet ditt, eller
- dokumentasjon som viser ektefelle/sambuars inntekt i Noreg
Lista er ikkje uttømmande. Når du fyller ut søknaden din, vil du også få ei sjekkliste med forslag til dokument du kan laste opp for å vise at du har hatt nok pengar. Når du har fullført søknaden, får du ein e-post frå politiet med forklaring på korleis du lastar opp dokumenta. Det er også mogleg å ettersende dokument til UDI.
-
Eg har permanent opphaldsløyve etter brexit-regelverket. Kor lenge kan eg vere ute frå Noreg før eg mistar løyvet mitt?
Personar som har fått innvilga permanent opphaldsløyve etter brexit-regelverket kan vere ute av Noreg i inntil fem år utan å miste opphaldsløyvet.
-
Eg har permanent opphaldsløyve og opphaldskortet mitt har gått ut. Mistar eg opphaldsløyvet?
Nei. Du vil framleis ha opphaldsløyvet ditt, men du bør bestille nytt opphaldskort. Du skal ikkje søkje om nytt permanent opphaldsløyve.
-
Eg har opphaldsløyve som grensearbeidar etter brexit-regelverket. No ønskjer eg å flytte til Noreg. Kan eg det?
Ja. Både du og eventuell familie kan då søkje om mellombels opphaldsløyve etter brexit-regelverket for dei som bur i Noreg. Du finn lenkje til søknadskjema her. Du kan sjå bort frå informasjonen om at du må ha vore busett i Noreg tidlegare, og du treng heller ikkje grunngi korfor søknaden kjem for seint.
Har du sambuar eller ektefelle der relasjonen ikkje var etablert før 31. desember 2020, må sambuaren eller ektefellen din søkje mellombels opphaldsløyve etter vanlege norske reglar.
-
Eg visste ikkje at eg måtte søkje. Eg har ikkje hatt brexit-løyve. Kva gjer eg no?
Fristen for å søkje opphaldsløyve i Noreg etter separasjonsavtalen mellom Noreg og Storbritannia, gjekk ut 31. desember 2021.
Dette gjeld for deg som hadde opphaldsrett i Noreg etter EØS-regelverket før 31. desember 2020, men som ikkje søkte om opphaldsløyve etter separasjonsavtalen (brexit) innan søknadsfristen 31. desember 2021:
Dersom du ikkje søkte innan fristen, er rettane dine i utgangspunktet falle bort.
Om du ikkje har søkt, kan du framleis søkje dersom det ligg spesielle grunnar føre som gjorde du ikkje fekk søkt før fristen. Om du søkjer no, må du gjere greie for korfor du ikkje søkte innan fristen. Deretter vil UDI vurdere om vi tek saka til behandling eller ikkje, basert på forklaringa di.
-
Eg er familiemedlem til britisk borgar med brexit-løyve. Eg har ikkje hatt løyve før. Kan eg søkje om opphaldsløyve no?
Ja. Dersom du er barn til ein britisk borgar med brexit-løyve, kan du når som helst søkje om opphaldsløyve etter brexit-regelverket.
Er du ein annan familiemedlem enn barn, må relasjonen din til den britiske borgaren vere etablert før 31. desember 2020 for at du skal kunne søkje etter brexit-regelverket. Er relasjonen etablert etter dette, må du søkje opphaldsløyve etter vanleg norske reglar.
-
Eg har ikkje brexit-løyve, men eit anna opphaldsløyve. Kan eg søkje brexit-løyve no?
Nei. Dersom du har eit anna opphaldsløyve, kan du ikkje søkje om permanent opphaldsløyve etter brexit-regelverket, sjølv om du har budd og jobba i Noreg sidan før 31.desember 2020. Du må følgje reglane som gjeld for det løyvet du har.
Her finn du informasjon om korleis du kan søkje om permanent opphaldsløyve.
-
Korleis veit eg at eg har opphaldsløyve etter brexit-regelverket?
Har du opphaldsløyve etter brexit-regelverket, skal det stå «SEPARASJONSAVTALEN EØS/EFTA-UK» på opphaldskortet ditt.
-
Kva er forskjellen mellom permanent opphaldsløyve etter brexit-regelverket og «vanleg» permanent opphaldsløyve?
Eit permanent opphaldsløyve etter brexit-regelverket gir deg betre rettar. Du kan for eksempel vere ute av Noreg i fem år før han fell bort, mot to år som gjeld for andre permanente opphaldsløyve.
Vilkåra for å få dei ulike løyva er også ulike. For å fylle vilkåra for permanent opphaldsløyve etter brexit-regelverket, må du fylle vilkåra for opphaldsrett i fem samanhengande år (som etter EØS-regelverket).
Dette betyr at du må ha budd i Noreg og vore arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, student eller hatt nok pengar til å forsørgje deg sjølv, eller vore familiemedlem til ein slik person i fem samanhengande år.
For «vanleg» permanent opphaldsløyve gjeld andre vilkår, som du kan lese meir om på Skal søkje-sida.
Det er gratis å søkje om permanent opphaldsløyve etter brexit-regelverket.