Kva bør eg gjere viss eg skal flytte frå Noreg før opphaldsløyvet mitt går ut?


Dersom du flytter frå Noreg før opphaldsløyvet ditt går ut, kan du sende oss beskjed om dette. Då kan UDI trekke attende (kansellere) opphaldsløyvet ditt frå den datoen du reiser ut. Dette kan vere ein fordel for deg, fordi du då kan vise styresmaktene i andre Schengenland at du ikkje har eit gyldig opphaldsløyve i Noreg lenger. Dersom du søker om besøksvisum til eit anna Schengenland mens du framleis har eit gyldig opphaldsløyve, kan det hende at du ikkje får besøksvisum. 

Slik gjev du oss beskjed: 

  1. Skriv eit brev der du forklarer at du har flytta frå Noreg, og be UDI trekke attende resten av opphaldsløyvet ditt. Skriv i brevet kva dato du flytta frå Noreg, og postadressa di i utlandet. 
  2. Hugs å skrive namnet ditt og DUF-nummeret eller fødselsnummeret ditt.
  3. Skriv under på brevet.
  4. Du kan sende oss det signerte brevet i posten eller skanne det og laste det opp i vårt skjema for innsending av dokumenter til UDI.