Slik skaffar du opphaldskort viss du søkte 16. april 2021 eller seinare


Kva er eit opphaldskort?

Eit opphaldskort er eit plastkort i kredittkortformat som er beviset ditt på at du har opphaldsløyve i Noreg. Det er politiet som bestiller opphaldskort til deg.

Når du har levert søknad frå Noreg, kan det vere at du kan få opphaldskortet ditt utan å møte opp hos politiet på nytt. Viss det gjeld deg, sender politiet opphaldskortet til deg i posten. Det betyr at du ikkje treng å bestille time. Les under kven som må bestille time.

Kva må du passe på for å motta kortet i posten?

  • Er du ny postmottakar i Noreg, fyll ut denne blanketten (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu), og lever han på eit postkontor eller Post i Butikk. Hugs å ta med legitimasjon.
  • Sjekk at du står registrert med korrekt postadresse (eksternt nettsted) hos Posten, dersom du allereie er registrert som postmottakar. Sida krev innlogging med BankID eller MinID.
  • Kontroller at du har namnet ditt på postkassa, viss ikkje vil ikkje kortet komme fram til deg. Viss kortet kjem bort i posten, vil det ta minst 20 arbeidsdagar til før du kan få eit nytt.
  • Du bør ikkje bestille reiser til utlandet før du har fått det nye opphaldskortet.

Kven må bestille time for å få opphaldskort? 

  • Du som har søkt frå utlandet.
  • Du som har eit norsk utlendingspass eller reisebevis for flyktningar som er utgått på dato, og som du ikkje allereie har gitt til politiet.
  • Viss søknaden din blei levert av ein annan person med fullmakt, så må du sjølv bestille time hos politiet for å få opphaldskort.
  • Viss du har søkt opphald etter brexit-regelverket, får du beskjed om å bestille time etter at søknaden din er ferdig behandla.  
  • Viss du har søkt om vern for første gang hos politiet, vil politiet innkalle deg til time. Du treng ikkje å bestille time sjølv.

Hos politiet må du ta bilde og gi fingeravtrykk.

Korleis bestille time?

Bestilling av time elektronisk

Viss du fylte ut og sendte søknaden din elektronisk, kan du nå logge deg inn for å bestille timen.

Bestilling av time på telefon

Viss du ikkje fylte ut elektronisk søknadsskjema da du søkte om opphaldsløyve, må du i staden ringe det lokale politidistriktet ditt for å bestille time. Du kan ikkje ringe UDI for å bestille time.