Gebyr


Dei aller fleste som leverer ein søknad, må betale eit søknadsgebyr. Her finn du ei oversikt over kor mykje du må betale i gebyr, korleis du betalar og tilbakebetaling. 

Kor mykje skal du betale i gebyr?

  • Besøksvisum

  • Familieinnvandring

  • Arbeid, studiar og au pair

  • Andre typar opphaldsløyve

  • Permanent opphaldsløyve

  • Utlendingspass og reisebevis

  • Statsborgarskap

  • Bestille nytt opphaldskort

  • Klager på alle typar vedtak

  • EU/EØS-borgarar

Korleis betaler du gebyret?

  • Viss du registerer søknaden din på Søknadsportalen (ekstern nettstad) betaler du gebyret med eit Visa-kort eller Mastercard samstundes som du registrerer søknaden.
  • Viss du ikkje kan bruke Søknadsportalen, må du betale gebyret seinast samstundes som du leverer søknaden. Om du betaler på førehand, må du levere inn den originale kvitteringen saman med søknaden. 

Tilbakebetaling av gebyr

Dersom du har spørsmål om tilbakebetaling av gebyr, må du kontakte ambassaden eller politistasjonen du valde i Søknadsportalen då du betalte gebyret.

Slik blir gebyra bestemt

Søknadsgebyret for ein type søknad reflekterer kva det i gjennomsnitt kostar utanriksstasjonar, politiet og UDI å behandle denne typen søknad. Når gebyret blir berekna, blir både kostnadar som er direkte knytt til saksbehandlinga og en del av dei indirekte kostnadane (til dømes leiing, drift og IKT-forvaltning) inkluderte, der dette er relevant.

Når norske myndigheiter gjennomgår og oppdaterer kostnadar knytt til dei ulike sakstypane, for å bestemme gebyra, tek vi utgangspunkt i forsiktige estimat, slik at ikkje søkjarane må dekke unødvendige kostnadar.

Viktige meldinger

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?