Skilnaden mellom familieinnvandringsløyve og opphaldskort for familiemedlemmer av EU/EØS-borgarar


Nokre søkjarar som har familie i Noreg, kan velje mellom å søkje om eit familieinnvandringsløyve eller eit opphaldskort for familiemedlemmer av EU/EØS-borgarar.

Fyll ut informasjon om deg og familiemedlemmen din for å sjekke om du kan bruke éi av dei to ordningane eller kan velje mellom dei.

Dersom du har moglegheit til å velje mellom dei to ordningane, bør du undersøkje kva for ei som passar best for deg.  

Kort oversikt: Fordelar og ulemper ved dei to ordningane

Familieinnvandring

Opphaldskort for familiemedlemmer av EU/EØS-borgarar

  • Du kan søkje om varig opphaldsrett etter fem år i Noreg.
  • Du treng ikkje betale søknadsgebyr.
  • Referansepersonen treng ikkje ha like høg inntekt som dersom du søkjer om familieinnvandring.
  • Dersom du ønskjer det, kan du seinare søkje om familieinnvandringsløyve.
  • Saksbehandlingstida er ofte kortare enn for familieinnvandring.
  • Du har ikkje rettar etter introduksjonslova (ekstern nettstad).