Du kan berre få forlengt visumet ditt i heilt spesielle tilfelle, for eksempel dersom du har blitt alvorleg sjuk eller det har skjedd ein naturkatastrofe.
Krav
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må framleis fylle dei same krava som da du søkte om visumet.
- Du kan ikkje ha vore i Noreg eller Schengenområdet i meir enn 90 dagar.
- Du må ha ein spesiell og uventa grunn til å søkje. Grunnen kan for eksempel vere at du har vore i ei ulykke, at flyet ditt har blitt kansellert, at ein av dei nærmaste familiemedlemmene dine har blitt sjuk, eller at forretningsmøtet du skal i, er blitt utsett. Dette må ha skjedd etter at du kom til Noreg.
Slik søkjer du