Skal fornye Vern (asyl) og sterke menneskelege omsyn


For å behalde alle rettane dine er det viktig at du søkjer om fornying i god tid før opphaldsløyvet ditt går ut.

Dette må du gjere

  1. Du må bestille time hos politiet tre månader før opphaldsløyvet ditt går ut. Koronasituasjonen kan gjere at det er vanskeleg å få time hos politiet.
  2. Seinast éin månad før opphaldsløyvet ditt går ut må du møte opp til avtalt tid hos politiet for å levere søknadsskjemaet og dokumenta dine. Først då er søknaden levert. 

Da vil du framleis ha dei same rettane som før til å jobbe, studere og så vidare medan du ventar på at vi behandlar søknaden din. Du vil ha desse rettane heilt til du har fått svar på søknaden, sjølv om opphaldsløyvet ditt går ut i mellomtida. 

Sjølv om du har søkt i tide, kan du få problem med å reise ut og inn av Noreg medan du venter på det nye løyvet ditt. Dette er fordi du ikkje har eit gyldig opphaldskort. Utan opphaldskortet kan du bli stoppa i grensekontrollen i andre land. Dersom du er i utlandet og ikkje har søkt om fornying før du reiste frå Noreg, risikerer du at det blir vanskeleg for deg å returnere til Noreg.

Du kan ikkje få nytt opphaldskort før du har fått nytt opphaldsløye. Dersom du har søkt i tide, vil vi sende deg ei stadfesting på at du har lovleg opphald medan du ventar på svar på søknaden din.

Kva type opphaldsløyve har du?

  • Vern

  • Løyve som er begrensa av andre grunnar enn identitet (etter §74)

behandlingstid

Ventetider

Sjekk kor lenge du må vente før du får svar på ein søknad om vern (asyl).  

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?