Besøkje ein annan familiemedlem

Krav til å få visum

Slik vurderer vi søknaden din

  • Når vi behandlar søknaden din, vurderer vi om det er sannsynleg at du reiser tilbake til heimlandet ditt eller landet du bur i, når besøket er over. Vi ser på situasjonen i landet ditt og på din eigen situasjon.
  • Vi vurderer om du har noko som knyter deg til heimlandet ditt, for eksempel arbeid, eigedom, ektemake eller familiemedlemmer som du forsørgjer.
  • Dersom vi meiner at det ikkje er sannsynleg at du reiser tilbake, vil du vanlegvis få avslag på søknaden din. 

Utsiktene dine til å få visum

  • Dersom du skal besøkje ein annan familiemedlem, for eksempel ei bestemor, ei tante eller ein fetter, kan du få visum dersom du har svært mykje som knyter deg til heimlandet ditt.
  • Dersom det er ein spesiell grunn til at du skal besøkje Noreg, for eksempel at du skal i ei gravferd, er det større sjanse for at du får visum.