Skal søkje Familieinnvandring


 Har du ein familiemedlem i Noreg og ønskjer å bu saman med han eller ho?  Avhengig av kor de er frå, kan du søkje om opphaldsløyve, opphaldskort for familiemedlemmer av EU/EØS-borgarar eller bruke registreringsordninga.  
Informasjon
Søkjaren er personen som ønskjer å besøkje eller bu i Noreg.

Familieinnvandring blir og kalla familiegjenforening eller familieetablering. Dei som søkjer om familieinnvandring er vanlegvis ektefelle, sambuar eller barn av ein som bur i Noreg. Andre typar familiemedlemmer som kan søkje er foreldre som har barn i Noreg, dei som skal gifte seg med ein i Noreg (trulova), fosterbarn og heilsøsken.