Nye gebyrsatsar frå 1 januar


Frå 1. januar 2020 blir det forandring i nokon av gebyra som du må betale til UDI når du skal søkje.

Published: 12.12.2019 - Last changed: 03.01.2020

Nokre gebyr blir høgare, medan andre gebyr blir lågare. Storleiken på gebyra er bestemd av Stortinget og regjeringa.

Gebyra som er forandra, er lista opp i tabellen under. 

Endra gebyr
Type søknad  Gebyr 2019 Gebyr 2020
Opphaldsløyve for arbeid (gjeld også for fornying) 5 400,- 6 300,-
Gruppeløyve for arbeidsgjevar (per arbeidstakar) 5 400,- 6 300,-
Studieløyve for søkjarar over 18 år (gjeld også for fornying) 5 300,- 4 900,-
Løyve for forskar med eigne midlar (gjeld også for fornying) 5 300,- 4 900,-
Au pair-løyve (gjeld også for fornying) 5 300,- 8 400,-
Permanent opphaldsløyve for vaksne 3 100,- 4 700,-
Fornying av utlendingspass/reisebevis for personar som er 16 år og eldre 450,- 570,-
Fornying av utlendingspass/reisebevis for personar som er under 16 år 270,- 342,-

I tillegg vil gebyret for søknader om familiegjenforeiningsløyve i saker der familiemedlemmen i Noreg (referansepersonen) har opphaldsløyve etter søknad om asyl, og ikkje har fått permanent opphaldsløyve enno, blir redusert med 25 prosent. Dette vil skje i løpet av våren 2020. Grunnen til at dette gebyret ikkje blir endra frå 1. januar, er at det først må gjerast endringar i UDIs søknadsportal og andre system. 

Meir informasjon om gebyr for å levera søknader finn du her.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?