Tilsetje ein person som allereie bur i Noreg


Utanlandske statsborgarar som skal arbeide i Noreg, må vanlegvis ha opphaldsløyve. Utanlandske statsborgarar kan få opphaldsløyve i Noreg på grunnlag av for eksempel arbeidsinnvandring, beskyttelse (asyl) og familieinnvandring.

Slik sjekkar du om arbeidstakaren har opphaldsløyve

Som arbeidsgivar må du sjekke at utanlandske arbeidstakarar har gyldig opphaldsløyve:

  • Du sjekkar om arbeidstakaren har opphaldsløyve ved å be han eller henne vise fram opphaldskortet sitt. På opphaldskortet står det kva slags opphaldsløyve arbeidstakaren har.
  • Familiemedlemmer av EU/EØS-borgarar kan bruke registreringsordninga for EU/EØS-borgarar. Nokre personar som ikkje sjølv er EU/EØS-borgarar, kan derfor ha opphaldsrett etter EU/EØS-regelverket som gir dei rett til å bu og arbeide i Noreg. Du sjekkar dette ved å be personen vise fram opphaldskortet sitt for å sjå at det står «opphaldsrett» på kortet. Du må òg sjekke at opphaldskortet er gyldig – sjå under «gyldig til»-dato på kortet.
  • Nokre typar opphaldsløyve gir arbeidstakaren rett til å arbeide i alle slags jobbar, for eksempel opphaldsløyve for familieinnvandring eller permanent opphaldsløyve.
  • Personar som har kome til Noreg som arbeidsinnvandrarar og har opphaldsløyve som faglært arbeidstakar med arbeidsgivar i Noreg, kan byte arbeidsgivar utan å søkje om nytt opphaldsløyve. Dei må likevel jobbe i same type stilling som før. Løna og arbeidsvilkåra må ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg, og arbeidstakaren må framleis oppfylle dei andre vilkåra for opphaldsløyve som faglært med arbeidsgivar i Noreg.
  • Andre som har kome til Noreg som arbeidsinnvandrarar, har ofte eit opphaldsløyve som seier at dei berre kan jobbe i ein bestemt jobb hos ein bestemt arbeidsgivar. Dette vil stå på opphaldskortet deira. Dersom personen du ønskjer å tilsetje har eit slikt opphaldsløyve, må han eller ho få nytt opphaldsløyve før vedkomande kan begynne å jobbe hjå deg.
  • Nokre asylsøkjarar som ventar på svar på søknaden sin, har lov til å arbeide. I slike tilfelle vil dei ha eit brev som stadfestar dette.
  • Som arbeidsgivar kan du kontakte UDIs informasjonsteneste for å sjekke om arbeidstakaren har riktig type løyve.

Tilset du ein utanlandsk arbeidstakar utan riktig opphaldsløyve, kan du bli straffa med bøter eller fengsel.