Religiøs leiar/lærar
- Du må i utgangspunktet ha fullført mastergrad frå universitet/høgskole innan religionen din eller i pedagogikk.
- Dersom du ikkje har ei utdanning som fyller krava, kan vi gjere unntak i spesielle tilfelle.
Krav til arbeidsforholdet
- Du må ha eit konkret tilbod om heiltidsarbeid for éin arbeidsgivar i Noreg.
- Dersom du skal søkje sjølv frå utlandet, må arbeidsgivaren din sende inn stadfesting av arbeidstilbodet før du kan sende inn søknadsskjemaet. Du vil få ein kode frå arbeidsgivaren som du skal leggje inn i søknadsskjemaet. Dersom du har fleire arbeidsgivarar, må berre ein av dei sende inn eit stadfestingsskjema.
- Lønns- og arbeidsvilkåra kan ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg. Dersom det av religiøse grunnar er vanleg at du ikkje får så mykje lønn, kan vi godta at lønna di er på minst
325 400 kroner i året før skatt
. Dersom du av religiøse grunnar ikkje kan ta imot pengar i det heile, kan UDI godta at arbeidsgivaren din i staden garanterer for at du vil få kost, losji og det du elles treng.
Rettar og plikter
- Du kan få opphaldsløyve for eitt år om gongen.
- Etter tre år kan du søkje om permanent opphaldsløyve i Noreg.
- Familien din kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
- Du må søkje om nytt opphaldsløyve dersom du skal byte stilling eller arbeidsgivar. Du kan ikkje starte med ein ny type arbeid før du har fått nytt opphaldsløyve.