Dersom du ikkje allereie er i Noreg når du får svar på søknaden din, kan du no reise inn til Noreg.
Først må du sjekke om du treng eit visum for å reise inn i Noreg. Sjekk om du er blant dei som ikkje treng visum.
Du kan reise inn til Noreg når som helst innan fristen som står i vedtaket ditt (vanlegvis seks månader).
Kva er eit opphaldskort?
Eit opphaldskort er eit plastkort i kredittkortformat som viser at du har opphaldsløyve i Noreg.
Korleis skaffar du deg opphaldskort?
Bestilling av time på Søknadsportalen
Dersom du nytta Søknadsportalen til å registrere søknaden din, kan du no logge deg inn på Søknadsportalen for å bestille timen (ekstern nettstad).
Bestilling av time på telefon
Dersom du ikkje nytta Søknadsportalen då du søkte om opphaldsløyve, må du ringe ditt lokale politidistrikt for å bestille time. Du kan ikkje ringe UDI for å bestille time.
Kva skjer på timen hos politiet?
Politiet tar fingeravtrykka dine og fotograferer deg, og politiet bestiller opphaldskort til deg.
Kor lang tid tar det før du får kortet?
Det vil ta minst ti arbeidsdagar frå du var hos politiet, til du får kortet sendt til deg i posten. Sjekk at du står registrert med rett postadresse og at du har namnet ditt på postkassen, ellers vil ikkje kortet komme fram til deg. Dersom kortet kjem vekk i posten vil det ta minst ti arbeidsdagar til, før du får det nye.
Dersom du planlegg å reise utanlands bør du derfor passe på at du har god tid mellom oppmøtet hos politiet og den planlagde avreisedatoen.
For informasjon om kva for familiemedlemmer som kan søkje om å flytte til deg i Noreg, sjå familieinnvandringssidane.
I vedtaket ditt står det kva type arbeid du kan gjere og eventuelt kva arbeidgjevar du skal jobbe for.
Dersom du skal bytte stilling eller arbeidsgjever må du som regel søke om nytt opphaldsløyve. Du må vente med å begynne i den nye jobben til du har fått nytt oppholdsløyve.
Dersom du flytter frå Noreg før opphaldsløyvet ditt går ut, kan du sende oss beskjed om dette. Då kan UDI trekke attende (kansellere) opphaldsløyvet ditt frå den datoen du reiser ut. Dette kan vere ein fordel for deg, fordi du då kan vise styresmaktene i andre Schengenland at du ikkje har eit gyldig opphaldsløyve i Noreg lenger. Dersom du søker om besøksvisum til eit anna Schengenland medan du framleis har eit gyldig opphaldsløyve, kan det hende at du ikkje får besøksvisum.
Slik gjev du oss beskjed:
1. Skriv eit brev der du forklarer at du har flytta frå Noreg, og be UDI trekke attende resten av opphaldsløyvet ditt. Skriv i brevet kva dato du flytta frå Noreg, og postadressa di i utlandet.
2. Hugs å skrive namnet ditt og DUF-nummeret eller fødselsnummeret ditt.
3. Skriv under på brevet.
4. Du kan sende oss det signerte brevet i posten eller skanne det og laste det opp i vårt skjema for ettersending av dokumenter til UDI (ekstern nettstad, blir opna i nytt vindauge).
UDI kan trekke tilbake opphaldsløyvet ditt dersom du: