Gå til vår guide til ventetid i familieinnvandringssaker.
Mange ønskjer å få saka si raskt behandla. Men det skal heilt spesielle forhold til for at saka di kan komme først i køen.
Dersom du har ny dokumentasjon til søknaden din, kan du sende han til UDI.
Søknadsgebyret kan berre bli tilbakebetalt til deg viss du ikkje har møtt opp og levert søknaden enda. Viss du har sendT ein type søknad der du berre treng å laste opp søknadsdokumenta elektronisk, og du altså ikkje har krav om å møte personleg, kan du ikkje få tilbakebetalt gebyret etter at du har lasta opp dokumenta.
Viss du ynskjer å få tilbakebetalt eit søknadsgebyr, må du kontakte politidistriktet eller ambassaden som er ansvarleg for søknaden din. UDI kan ikkje hjelpe deg med tilbakebetaling.
Viss du allereie har levert søknaden ved personleg oppmøte og ynskjer å trekkje søknaden din, sjølv om gebyret ikkje blir tilbakebetalt, må du sende oss skriftleg beskjed om dette. Du kan skrive eit kort brev der du forklarer at du ynskjer å trekkje søknaden din. Brevet må vere signert av deg som er søkjaren. Du må sende inn brevet elektronisk. Når vi mottar informasjonen om at du vil trekkje søknaden, henlegg UDI saka di og sender deg ei skriftleg stadfesting på henleggelsen.
Vi kan som hovudregel berre henlegge ei sak viss det er søkjaren sjølv som skriftleg trekkjer søknaden. Det å henlegge betyr at vi avsluttar saka utan å behandle ho.
Viss du er referanseperson, sponsor eller vertsforelder og ynskjer å trekkje samtykkjet ditt til at søkjaren får opphald med deg i Noreg, må du sende UDI skriftleg beskjed om dette. Du kan skrive eit kort brev der du forklarer at du ynskjer å trekkje samtykkjet til at søkjaren får opphald med deg. Du må sende brevet elektronisk. Viss du trekkjer samtykkjet, vil det stå i vedtaket (avslaget) søkjaren får.
Vi kan ikkje henlegge ei sak fordi referansepersonen/sponsoren/vertsforelderen ynskjer det. Viss desse personane ynskjer å trekkje søknaden, så må vi likevel behandle saka, men den vil bli avslått fordi samtykkjet er trekt.
Viss ein person med fullmakt ynskjer å trekkje søknaden på grunn av samlivsbrot, må vi framleis behandle søknaden, men det vil bli eit avslag. Fullmakta fell bort når vi får opplysningar om samlivsbrotet.
Søknadsgebyret blir ikkje tilbakebetalt når referansepersonen/sponsoren/vertsforelderen trekkjer samtykkjet, fordi søknaden blir tatt til behandling.
Du kan søkje om eit besøksvisum til Noreg, men det er svært sannsynleg at søknaden din blir avslått.
Når ambassaden behandlar søknaden din, vurderer dei om det er sannsynleg at du reiser tilbake til heimlandet ditt eller landet der du bur før besøksvisumet går ut. Sidan du har søkt om opphaldsløyve i Noreg, kan det hende at ambassaden meiner at det er lite sannsynleg at du vil reise tilbake før besøksvisumet går ut. Det vil derfor vere vanskeleg for deg å få eit besøksvisum.
Dersom du har kompetanse som faglært eller har søkt om opphaldskort for familiemedlemmer av EU/EØS-borgarar gjeld det eigne reglar for deg. Då har du lov til å reise til Noreg dersom du har eit besøksvisum. Du har også lov til å opphalde deg i Noreg fram til du har fått svar på søknaden, sjølv om besøksvisumet ditt går ut medan du venter.
Dersom du har gyldig opphaldsløyve i eit anna Schengen-land, kan du reise til Noreg medan du har ei sak til behandling dersom du høyrer til i ei av desse gruppene:
Då kan du halde fram med å opphalde deg i Norge heilt til du får svar på søknaden din, sjølv om du har vore i Noreg i meir enn 90 dagar.
Hugs at dersom du reiser ut og inn av Noreg etter at du har søkt om familieinnvandring må du følgje reglane for å besøkje Noreg utan visum. Dersom du til dømes har vore i Noreg i 90 dagar eller meir, må du opphalde deg utanfor Noreg i 90 dagar før du kan reise tilbake til Noreg. Dersom du får innvilga familieinnvandring medan du er i utlandet kan du reise tilbake til Noreg med ein gong.
Dersom du ikkje treng visum for å besøkje Noreg, kan du reise ut og inn av Noreg medan du har ei sak til behandling dersom du høyrer til i ei av desse gruppene:
Då kan du halde fram med å opphalde deg i Noreg heilt til du får svar på søknaden din, sjølv om du har vore i Noreg i meir enn 90 dagar.
Hugs at dersom du reiser ut og inn av Noreg etter at du har søkt om familieinnvandring må du følgje reglane for å besøkje Noreg utan visum. Dersom du til dømes har vore i Noreg eller eit anna Schengen-land i 90 dagar eller meir, må du opphalde deg utanfor Schengenområdet i 90 dagar før du kan reise tilbake til Noreg.
Dersom du får innvilga familieinnvandring medan du er i utlandet kan du reise tilbake til Noreg med ein gong, utan at du har vore 90 dagar utanfor Schengen. Vi rår deg likevel til å fly direkte til Noreg utan å mellomlande i eit anna Schengen-land. Dersom du mellomlandar i eit anna Schengenland kan du få problem i grensekontrollen fordi du ikkje enno har fått eit opphaldskort som viser at du har fått opphald i Noreg.
Dersom du er statsborgar av eit EU/EØS-land, kan du fritt reise ut og inn av Noreg.
Personar som treng visum for å besøkje Noreg, kan i nokre tilfelle få eit innreisevisum, slik at dei kan reise til Noreg før dei søkjer, eller medan dei ventar på svar.
For å få eit slikt visum må det vere sannsynleg at du får ja på søknaden din om familieinnvandring. Det betyr mellom anna at du må fylle alle krava til eit familieinnvandringsløyve og ha levert inn alle dokumenta på sjekklista.
Vêr oppmerksam på at du ikkje kan søke om slikt innreisevisum (D-visum) frå land der ambassaden frå eit anna land representerer Noreg i utlendingssaker.
UDI kan ikke svare på hvilke rettigheter til helsehjelp du har. Du kan lese om dette på Helsenorge sine nettsider (eksternt nettsted).
Alle som oppholder seg i Norge har rett til øyeblikkelig hjelp (eksternt nettsted), og alle som oppholder seg i Norge får gratis helsehjelp hvis de er smittet av koronavirus (eksternt nettsted).
Hvis du har en fornybar oppholdstillatelse i Norge og søker om fornyelse minst en måned før tillatelsen din utløper, beholder du de samme rettighetene i ventetiden som du hadde tidligere.
Du må melde flytting til folkeregisteret (ekstern nettstad) så raskt som mogeleg når du veit at du skal flytte. UDI får den nye adressa di frå folkeregisteret automatisk.
Dersom du er i Noreg og flyttar mens du ventar på at UDI skal behandle saken din, må du melde frå til politiet om at du flyttar seinast ei veke etter at du flytta. Du kan gi beskjed til politiet der du flyttar til, eller til politiet der du budde før.
Dersom du er i utlandet og flyttar før UDI har behandla søknaden din, må du melde frå til ambassaden eller konsulatet der du leverte søknaden din. Dersom du ikkje gjer det, risikerer du at du ikkje får svaret på søknaden din.
I en del tilfeller betyr det noe for retten til å arbeide om du leverte søknaden din minst én måned før utløp av den forrige oppholdstillatelsen din. Merk at søknaden er ikke regnet som levert før du har møtt opp til en time hos politiet for å levere vedleggene til søknaden.
Hvis du registrerte søknaden på nett og betalte gebyret minst en måned før utløpet av tillatelsen din, og det er lange ventetider for å få time hos politiet slik at du ikke fikk time før senere, har du likevel rett til å arbeide mens vi behandler søknaden din. Du får normalt rett til å arbeide på samme vilkår som den tidligere tillatelsen din hvis du registrerer søknaden om fornyelse (eller om tillatelse på nytt grunnlag) og betaler gebyr senest syv kalenderdager før tillatelsen går ut.