Informasjon til deg som fyller 18: Sjekk opphaldskortet ditt


Etter at du har fylt 18 år, har du sjølv ansvaret for at du har gyldig opphaldsløyve i Noreg, og du kan sjølv avgjere om du vil søkje om norsk statsborgarskap. Sjekk opphaldskortet ditt for å finne ut kva slags opphaldsløyve du har.

Dersom du er statsborgar av eit land utanfor EU/EØS og bur i Noreg, skal du ha eit opphaldskort.

Om du har permanent opphaldsløyve eller busetjingsløyve og ikkje har eit slikt kort, må du bestille det. Dersom du ikkje veit om du har gyldig opphaldsløyve, og du ikkje har eit slikt kort, ta kontakt med UDI

Dersom du er statsborgar av eit EU/EØS-land, finn du informasjon for deg nedst på sida.

Dette må du sjekke på kortet ditt

Opphaldskort blitt 18

  1. Sjekk kva dato kortet er gyldig til
  2. Sjå på kortet ditt kva som står under overskrifta Type løyve, og sjekk i tabellen under kva slags opphaldsløyve du har.

Type løyve

Kva inneber det

Mellombels opphaldsløyve, utl 42 1
Mellombels opphaldsløyve, utl 42 2
Mellombels opphaldsløyve, utl 43 2
Mellombels opphaldsløyve, utf 9-7 1 c

Du har familieinnvandringsløyve.  

Mellombels opphaldsløyve, utl 28 1 a
Mellombels opphaldsløyve, utl 28 1 b
Mellombels opphaldsløyve, utl 28 6
Mellombels opphaldsløyve, utf 7-2 1

Du har opphaldsløyve 
som flyktning.

Mellombels opphaldsløyve, utl 38 1
Mellombels opphaldsløyve, utf 8-13

Du har opphaldsløyve på grunn av
sterke menneskelege omsyn.

Mellombels opphaldsløyve, utf 8-8-1

Du har avgrensa opphaldsløyve fram til du er 18 år.

Mellombels opphaldsløyve, utl 38 5

Du har eit opphaldsløyve på grunn av 
sterke menneskelege omsyn som er avgrensa.

Permanent opphaldsløyve, utl 62 1 
Permanent opphaldsløyve, utf 11-1 2
Busetjingsløyve, uf 43 1

Du har permanent opphaldsløyve.

Familiemedlem

Du har opphaldskort for familiemedlemmer av
EU/EØS-borgarar.

  • Familieinnvandringsløyve

  • Opphaldsløyve som flyktning

  • Opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn

  • Opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn som er avgrensa

  • Permanent opphaldsløyve

  • Avgrensa opphaldsløyve fram til du er 18 år

  • Opphaldskort for familiemedlemmar av EU/EØS-borgarar

  • Er statsborgar av eit EU/EØS-land

Hjelp oss med å forbetre nettsidene: Fann du det du leita etter?