Opphaldskort


Eit opphaldskort er eit plastkort i kredittkortformat som er beviset ditt på at du har opphaldsløyve i Noreg.

Korleis får du opphaldskort?

Krav til biletet på opphaldskortet

Politiet vil ta biletet av deg til kortet. Sjå informasjonen vår om krav til biletet.

Har du ikkje fått opphaldskortet ditt i posten?

Dersom du ikkje har fått opphaldskortet ditt i posten eller viss du har spørsmål om opphaldskortta kontakt med det lokale politidistriktet kor du leverte søknaden din (ekstern nettstad)

Kva kan du bruke opphaldskortet til?

  • Opphaldskortet er beviset ditt på at du har opphaldsløyve i Noreg. 
  • Du må vise fram kortet ved kontroll. Dersom du ikkje har det med deg, kan du bli beden om å hente det. 
  • Med mindre noko anna står på kortet, viser det også at du har rett til å reise fritt i Schengenområdet i inntil 90 dagar i løpet av ein periode på 180 dagar. Du bør derfor ha med deg kortet når du reiser i utlandet. Du må alltid ha med deg passet ditt i tillegg. 

 Kortet inneheld mellom anna eit foto av deg, signaturen din og fingeravtrykk. Fingeravtrykka blir ikkje lagra nokon annan stad enn på sjølve kortet.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?