Bortvising


Du som er utanlandsk statsborgar kan bli vist bort frå Noreg og Schengenområdet. Bortvising betyr at du blir nekta å reise inn i Noreg, eller at du må forlate landet og/eller Schengenområdet. Du vil få ei utreiseplikt med ein utreisefrist.

Kan du kome tilbake til Noreg?

Ei bortvising er berre eit mellombels forbod. Du kan kome tilbake til Noreg seinare.

Døme 1: Du reiser inn i Noreg utan gyldig pass, og blir vist bort. Du får da ei utreiseplikt med ein frist for når du må reise ut av Noreg. Da må du forlate landet, og du må registrere utreisa di frå Noreg. Viss du seinare kjem igjen med gyldig pass, vil ikkje det at du vart bortvist sist hindre deg i å reise inn i Noreg.

Døme 2: Du reiser inn i Noreg utan gyldig visum, og blir vist bort. Du har då ei utreiseplikt med ein frist for når du må reise ut av Schengenområdet. Dette betyr at du må reise frå Schengenområdet, og at det skal registrerast i Schengen Informasjonssystem (SIS) at du reiser ut. Viss du seinare kjem til Noreg med eit gyldig visum, vil ikkje det at du vart bortvist sist hindre deg i å reise inn i Noreg.

Grunnar til å bli vist bort og høve til å klage

  • Borgarar av land utanfor EU/EØS

  • EU/EØS-borgarar

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?