Schengen informasjonssystem (SIS)


Dersom du er utvist frå Noreg, kan du òg bli registrert i Schengen informasjonssystem (SIS). Då kan du heller ikkje reise inn i andre Schengen-land.

Dersom du blir utvist, får du eit innreiseforbod. Du kan ikkje vere i Noreg så lenge innreiseforbodet ditt gjeld. Dersom du har innreiseforbod til Noreg, vil UDI også avgjere om du skal få innreiseforbod som gjeld for alle Schengen-landa. Då vil du bli registrert i datasystemet Schengen informasjonssystem (SIS).

Dei som er registrerte i SIS, kan ikkje reise inn i eller opphalde seg i Schengen. Styresmaktene i alle Schengen-landa kan sjekke kven som er registrerte i SIS. 

Dersom du er registrert i SIS, har du rett til å få vite kva for opplysningar som er registrerte om deg. Du kan ikkje få informasjon om andre personar. 

Dersom du ønskjer å få vite kva for opplysningar som er registrerte om deg, eller be om at uriktig informasjon blir retta opp eller sletta, må du kontakte Kripos. Du finn meir informasjon om korleis du gjer dette, og innsynsskjemaet som du må fylle ut, på Kripos’ nettsider (ekstern nettstad)

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?