Da vil du framleis ha dei same rettane som før til å jobbe, studere og så vidare medan du ventar på at vi behandlar søknaden din. Du vil ha desse rettane heilt til du har fått svar på søknaden, sjølv om opphaldsløyvet ditt går ut i mellomtida.
Sjølv om du har søkt i tide, kan du få problem med å reise ut og inn av Noreg medan du venter på det nye løyvet ditt. Dette er fordi du ikkje har eit gyldig opphaldskort. Utan opphaldskortet kan du bli stoppa i grensekontrollen i andre land. Du kan og få problem med å sleppe inn i Noreg igjen når du skal tilbake hit.
Opphaldsløyve for: | Kan løyvet fornyast? |
---|---|
Faglært med arbeidsgivar i Noreg | Ja |
Tilsett i internasjonalt selskap |
Ja, men du kan berre ha det i inntil seks år, så må du bu utanfor Noreg i to år før du kan få eit nytt slikt løyve |
Tilsett i selskap i utlandet | Ja, men du kan berre ha det i inntil seks år, så må du bu utanfor Noreg i to år før du kan få eit nytt slikt løyve |
Offshorearbeidar | Ja |
Idrettsutøvar eller trenar | Ja |
Nasjonalitetskokk | Ja |
Religiøs leiar/lærar | Ja |
Sjølvstendig næringsdrivande med firma i Noreg | Ja |
Sjølvstendig næringsdrivande med firma i utlandet | Ja, men du kan berre ha det i inntil seks år til saman, så må du bu utanfor Noreg i to år før du kan søkje om eit nytt slikt løyve. |
Hva som gjeld for deg som er permittert eller har mistet jobben, kan du lese om her.
Eit opphaldsløyve for sesongarbeid kan fornyast, men du kan ikkje vere i Noreg i meir enn seks månader i løpet av ein tolvmånadersperiode.
Opphaldsløyve for: | Kan løyvet fornyast? |
---|---|
Faglært arbeidssøkjar med visumfritt statsborgarskap | Ja, men du kan ha det i maksimalt seks månader til saman, så må du bu utanfor Noreg i eitt år før du kan søkje om nytt opphaldsløyve for faglært arbeidssøkjar med visumfritt statsborgarskap. |
Arbeidssøkjar som er nyutdanna eller forskar | Ja, men du kan ha det i maksimalt eitt år til saman. |
Opphaldsløyve for: | Kan løyvet fornyast? |
---|---|
Tilsett i humanitær, ideell eller religiøs organisasjon | Ja, men du kan ha det i maksimalt fire år til saman. |
Kunstnar, musikar eller artist | Ja, men du kan ha det i maksimalt eitt år av gongen, så må du bu utanfor Noreg i tre månader før du kan søkje om nytt opphaldsløyve som kunstnar, musikar eller artist. |
Deltakar frå Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) | Ja, men du kan ha det i maksimalt fire år til saman. |
Unge vaksne frå Australia eller Canada på arbeidsferie | Ja, men du kan ha det i maksimalt to år til saman. |
Unge vaksne frå Argentina, Japan eller New Zealand på arbeidsferie | Ja, men du kan ha det i maksimalt eitt år til saman |
Arbeidande gjest i landbruket | Ja, men du kan ha eit slikt løyve i maksimalt tre månader samanhengande. Så må det gå minst tre månader før du kan søkje om eit nytt slikt løyve. |
Opphaldsløyve for: | Kan løyvet fornyast? |
---|---|
Praktikant | Nei |
Forskar med eigne midlar | Ja |
Opphaldsløyve for praktikantar kan ikkje fornyast etter 1. september 2018.
Opphaldsløyve for: | Kan løyvet fornyast? |
---|---|
Russisk ufaglært | Ja, men du kan berre ha det i inntil to år, så må du bu utanfor Noreg i eitt år før du kan søkje om eit nytt slikt løyve. |
Russisk grensependlar | Ja |
Eit opphaldsløyve for sjøfolk på utanlandsk skip kan fornyast.