Skal fornye Familieinnvandring


For å beholde alle rettighetene dine er det viktig at du søker om fornyelse i god tid før oppholdstillatelsen din går ut.

Hvis du ikkje har F-kode, må du du gjere dette

  1. Ventetida for å få time hos politiet kan vere veldig lang. Du må registrere søknaden i Søknadsportalen og bestille time hos politiet i god tid, minst tre månader før opphaldsløyvet ditt går ut.

  2. Vanlegvis må du møte opp til avtalt time hos politiet og levere dokumenta dine seinast éin månad før opphaldsløyvet ditt går ut. Først da er søknaden din levert. Viss du har eit fornybart opphaldsløyve og du søker i tide, kan du arbeide og opphalde deg i Noreg som tidlegare, heilt fram til du får svar på søknaden. Dette gjeld sjølv om opphaldsløyvet ditt går ut medan du ventar.

  3. På grunn av koronasituasjonen får ein del søkarar ikkje bestilt time hos politiet for å levere søknadspapira i tide, sjølv om dei har sendt sjølve søknaden elektronisk og betalt gebyret i god tid. Viss første ledige time er etter at løyvet ditt går ut, så har du dei same rettane som før, viss du registrerer fornyelsessøknaden i Søknadsportalen minst sju dagar før løyvet går ut.

Sjølv om du har søkt i tide, kan du få problem med å reise ut og inn av Noreg medan du venter på det nye løyvet ditt. Dette er fordi du ikkje har eit gyldig opphaldskort. Utan opphaldskortet kan du bli stoppa i grensekontrollen i andre land. Du kan og få problem med å sleppe inn i Noreg igjen når du skal tilbake hit. 

Hvordan er familiesituasjonen din?

  • Familiesituasjonen er som før

  • Du og ektefellen/samboeren din har flyttet fra hverandre og dere har felles barn

  • Du har blitt enke/enkemann

behandlingstid

Ventetid

Sjekk kor lenge du må vente for å få svar på ein søknad om familieinnvandringsløyve. 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?