Utvising: å få eit vedtak frå UDI der det står at du er utvist frå Noreg for eitt eller fleire år. Du får då eit innreiseforbod og kan ikkje kome tilbake til Noreg før innreiseforbodet har gått ut.
Bortvising: å bli nekta å reise inn i Noreg eller få melding av norske styresmakter om at du må forlate Noreg. Ei bortvising er berre eit mellombels forbod. Du kan kome tilbake til Noreg seinare.
Uttransportering: å bli transportert ut av Noreg av politiet. Dersom du vert uttransportert av politiet må du betale kostnaden for transporten før du kan komme attende til Noreg. Du kan ikkje få opphaldsløyve om du har uttransporteringsgjeld.